Ein katamaran skal ved 18-tida tysdag ha gått på grunn på fjorden like ved Nordfjordeid sentrum.
– Vi fekk melding hit klokka 18.15. Det heile skal vere ganske udramatisk: Båten skal ikkje ha skadar, men katamaranen skal ha blitt ført med straumen frå eit cruiseskip og bort på ein sandbanke, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt til Sunnmørsposten litt før klokka 21.
– Politiet er på staden, og ein ventar no på flo slik at ein kan få båten av grunna, legg han til.
Malstraum
Den grunnstøytte båten heiter Fjordcharter Adventure, og tilhøyrer selskapet Fjordcharter som arrangerer firmaturar, sightseeing og aktivitetsturar i fjordane rundt Bergen og på Vestlandet.
– Det som skjedde var at båten var i ferd med å passere cruiseskipet Aida, akkurat idet skipet skrudde på thrusterane sine. Det førte til at båten blei ståande fast med fronten på ei sandgrunne, forklarer beredskapsleiar i Fjordcharter.
Katamaranen var tom for passasjerar på tidspunktet, og skal ikkje ha fått nokon skadar.
– Store skip skal varsla omkringliggande fartøy før dei gjer noko slikt, så hendinga skulle eigentleg ha vore unngått. Vi ventar no på flo og ein dykkebåt som kan dra båten vår av grunna.
Like før 21.30 tysdag sende reiarlaget melding om katamaranen igjen flaut på eigen kjøl, etter å ha blitt slept fri av ein mindre båt.